Til hovedinnhold
English

Frode Sundnes

Seniorforsker, ph.d.
E-postadresse
frode.sundnes@niva.no
Telefonnummer
+47 976 84 318
Ekstern forskerprofil
Cristin
Forskningsseksjon
Vann og samfunn

Profil

Frode Sundnes har internasjonal og tverrfagleg erfaring innan utviklings- og miljøstudiar, med ei doktorgrad fra Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Doktorgradsarbeidet i politisk økologi og miljøhistorie var ein studie av jordreform og naturvern i Sør-Afrika.

Sundnes har vore involvert i ei rekke prosjekt som på ulike måtar tematiserer inkluderande, legitim og integrert vass- og miljøforvalting. Av desse er ei gruppe prosjekt knytt til bruk og forvalting av verneområde, kulturlandskap og utmark i Noreg (FOODCOAST, PARKAS, OUTGEN). Sundnes har òg delteke i forsking på forvalting av villreinen og tamreinen sine landskap (Rášša); på forvalting av tare- og tanghausting (OPTIMAKELP); og på medverknadsprosessar for å redusere vassforureining frå landbruket (EU-FAIRWAYS). Sundnes har òg vore med på å leie ein fleirnivåstudie av kystkonfliktar i Afrika (MARICA).