Til hovedinnhold
English
Nyheter

Reinsar opp i Indias elvar

62 millionar tonn avfall i året. Enorme mengder usortert søppel går rett på fyllinga.Kva skal 1,3 milliardar menneske gjere med alt søppelet sitt? NRK tar deg med til fire stader i India der det blir gjort noko for å løyse problemet. Eit av prosjekta er det NIVA-leia INOPOL.
Publisert:

Denne teksten stod først på trykk hos NRK 13. juli 2020 og er en del av en større reportasje skrevet av Eivind Molde, eivind.molde@nrk.no.

Ved Sabarmati River i Ahmedabad står ein indisk professor, to norske forskarar og ein student og ser ut over den store elva som flyt sakte ut mot kysten i vest.

Store mengder søppel har stoppa opp ved ein holme. Vatnet som renn ut frå ei sideelv er kraftig forureina, og det luktar vondt. Ikkje langt unna ligg eit svært berg av søppel, Pirana Landfill Site.

Dei har ein plan, dei har eit prosjekt på gang som kan føre til at elvane blir reinare. Målet er å bidra til å redusere omfanget av forsøpling, og spesielt å få ned transporten av plastsøppel som elvane tar med seg til havet.

Prosjektet skal gjennomførast i elvane Tapi og Daman Ganga her i Gujarat, delstaten som i 2010 blei rangert av styresmaktene som den mest forureina i India.

Eit viktig mål er å kartleggje kor mykje plast elvane transporterer, og kvar plasten kjem frå. Og forskarane skal måle omfanget av kjemikaliar i elvane og nedbørsfelta.

Daman Ganga renn gjennom byen Vapi, der vi finn det største industriområdet i Gujarat. Her er det blant anna mykje kjemisk industri. Papirproduksjonen her genererer nesten 400 tonn plastavfall kvar einaste dag.

Elva Tapi renn ut i havet ved den viktige industribyen Surat, ein av dei byane i verda som har raskast vekst. 60 prosent av indiske klede som blir laga av polyester, blir produserte i Surat.

PLASTIC POLLUTION AT RIVER BANK
Plast ved breidda av Tapi, i byen Surat. Foto: Marianne Olsen, NIVA.  

Professor Paromita Chakraborty ved SRM Institute of Science and Technology i Chengalpettu er ein av dei sentrale forskarane i prosjektet, som har fått namnet Inopol.

– Etter det eg veit, vil Inopol vere det første prosjektet i sitt slag i India, der vi samlar data om plastforsøpling og miljøgifter langs elvane som renn gjennom det største kjemiske industriområdet i Vapi og senteret for indisk tekstilproduksjon i Surat, seier Chakraborty.

Ho har store forventningar til resultatet.

– Prosjektet vil utan tvil bli viktig i arbeidet med å skape eit berekraftig elvemiljø midt i dei store industriområda her i Gujarat. Dette vil også vere viktig kunnskap for andre indiske statar, der det er nødvendig å gjennomføre tiltak for å sikre at industriell vekst kan skje på ein berekraftig måte.

Inopol er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire indiske forskingsinstitusjonar og norske NIVA, som leier prosjektet. Det er ein del av det norsk-indiske Marine Pollution Initiative.

Forskar Eirik Steindal er prosjektleiar for NIVA sitt samarbeid med India.

– NIVA ønskjer å bidra til å redusere plastforureining i Asia. Det gjer vi dels gjennom å bruke den erfaringa vi har frå Noreg og andre land til å betre kunnskapsgrunnlaget rundt slik forureining i India, og dels gjennom å byggje opp kapasitet hos lokale styresmakter og forskarar, seier Steindal.

Han seier at både indiske styresmakter og organisasjonar er tydelege på at dei treng meir og betre kunnskap for å handtere problemet.

Han understrekar at det er viktig å sjå utfordringane på land, i elvane og i havet i samanheng.

– Berekningar viser at 80 prosent av plasten i havet kjem frå land. Tiltaka for reinare elvar, og dermed også reinare hav, må setjast i verk på land, seier Steindal.

Sist oppdatert