Sea trout (Salmo trutta) from River Lærdalselva, W Norway: A comparison of growth and migratory patterns in older and recent studies.
Sammendrag
Forsknings- og utgreiingsarbeid knytt til behandlingar mot Gyrodactylus salaris i Lærdalselva har framskaffa interessante data på sjøaurestamma sin biologi. Telemetristudiar av vandringsåtferd i elv og fjord er gjennomførde. Det er i tillegg innsamla skjelprøvar av all merka fisk. Samstundes eksisterar unike historiske data frå fjordsystemet. Frå byrjinga av 50- til midten av 60-talet er merke-gjenfangsstudie og skjellanalysar utførd. Vekst i ferskvatn og alder/storleik ved smoltifisering synast å ha endra seg mellom dei to periodane, med ein betre vekst og høgre alder/storleik ved første gongs sjøvandring i dag. Vandringane i sjøen er lange, og til dels lengre enn rapportert i andre studie på aure. Store delar av bestanden nyttar seg av ytre fjordstrøk og fjordmunningen som sitt marine fødeområde. Vandringsfarta kan være høg. Opphaldstida i det marine miljø er varierande, og ein ser døme på fisk som oppheld seg i sjøen i vinterhalvåret. Resultata viser at Lærdalsauren nyttar seg av store delar av fjordsystemet og kystnære strøk, og at tiltak knytt til å ivareta stamma bør omfatta vurderingar av heile Sognefjorden med tilgrensande område.