Eikevolltjønnmyra naturreservat, Flora kommune – undersøking av mogleg saltpåverknad frå riksveg 5
Sammendrag
Eikevolltjønnmyra naturreservat i Sogn og Fjordane ligg nær riksveg 5 som vert salta vinterstid ved befukta salt og saltløysing. Naturreservatet omfattar elementer av jordvassmyr, nedbørsmyr og åpent vatn. Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har i 2018 til 2019 hatt i oppdrag å undersøkje om avrenning av vegsaltet frå vegen kan påvirke viktige økologisk prosessar og biologiske verdiar i naturreservatet. Det er utført analyser av planteplankton, hydrografi i vertikale profil i tjernet, samt vasskjemi i tjern, tilføringsbekk og i jord-/torvvatn. Vegetasjonen er analysert for moglege endringar i artssamansetjing, både på jordvassmyr og på nedbørsmyr. Trea langs vegen er vurdert for moglege skader frå vegsalting. I Eikevolltjørna låg kloridinnhaldet nær 23 mg/l i djupvatnet i oktober 2018, og omkring 20 mg/l i heile tjørna i april 2019. Dette nivået er høgre enn normalt for området, men kan samanliknast med ferskvatn som ligg svært nær kysten med påverknad frå havet. I oktober 2018 var det klart lågare saltinnhald i overflata av tjørna (5,9 mg/l klorid). Samtidig var djupvatnet fritt for oksygen og lukta sterkt av hydrogensulfid, noko som følgjer av stagnasjon og bakteriell nedbryting av organisk materiale. Meir stabil lagdeling og forsterka stagnasjon i djupvatnet var den mest markerte effekten av saltpåverknad i Eikevolltjørna. Situasjonen hausten 2018 kan beskrivast som saltindusert oksygensvinn. Stagnasjonen viste seg likevel å ikkje være permanent, og tjørna var heilt røyrt om i april 2019. Nivået av salt synest ikkje å ha direkte effektar på flora og fauna i vatnet, men oksygenmangel i djupvatnet reduserer livsrom og produksjon for både auren og næringsdyra i tjørna. I tillegg fører oksygensvinn til mykje nitrogen i redusert form, noko som kan favorisere enkelte artar av planteplankton og dermed gje dårlegare tilstandsvurdering etter vassforskrifta. Det vart ikke registrert synlege skader av vegsalting på trea langs vegen. Vegetasjonsundersøkingane viste at den saltpåverka jordvassmyra nær vegen har høgre artsmangfald enn den saltupåverka jordvassmyra lenger unna. Dette kan skuldast avrenning av salt frå vegen, sidan salttilførsel kan auke næringstilgangen i jordvatnet og dermed legge til rette for framvekst av fleire artar. Saltavrenning få vegen kan også ha redusert artsmangfoldet av levermosar i myra, då levermosar er kjent for å være saltsensitive artar. Ein bør følgje med situasjonen på myra og i tjørna og undersøke desse forholda igjen om nokre år for å avklare om resultata frå 2018-2019 gjev eit rett bilete på lengre sikt. NØKKELORD : Sogn og Fjordane, myr, mosar, planter, vatn, plankton, vasskjemi, konsekvensutgreiing, vegsalting