Grått novembertokt i brun fjord
Fagrådet for Ytre Oslofjord og Miljødirektoratet finansierer ei omfattande miljøovervaking av Oslofjorden. Som før var det Universitet i Oslo sitt forskingsfartøy «Trygve Braarud» som sto for transporten under dette novembertoktet.
NIVAs forskarteam la av gårde frå Lysaker tidleg mandag morgon. Første stopp var Mossesundet, følgd av dei to stasjonane i Drammensfjorden, Økokyst-stasjonane Breiangen og Bastø, før vi avslutta med Bolærne. Vatnet var brunt med eit skjer av raudt på alle stasjonar. I Mossesundet og i Drammensfjorden var ikkje sikten meir enn 2-2,8 meter. Vasstemperaturen tilsa at badesesongen er over for dei fleste av oss.
Tysdag starta vi dagen i Vestfjorden, gjekk vidare til Sandefjordsfjorden og Larviksfjorden, deretter sørvest til Jomfrulandsrenna. Også på desse stasjonane var vatnet brunleg på farge. Det gjaldt også vidare innover Langesundsfjorden, Frierfjorden og Håøyfjorden. Her var det ein gulaktig brunfarge som dominerte, og sikten vart tydeleg påverka av den dominerande fargen. Jomfrulandsrenna hadde best sikt med 5,5 meter, medan dei tre Ytre-stasjonane låg på mellom 3,4-4 meter. Overnatting i Stavern.
Toktets tredje dag starta med ein duvande tur ut til Torbjørnskjær. Fram til no hadde vi hygga oss med flatt hav og vindstille, så overgangen til bølger og 9 m/s vart noko røff. Men vi fekk gjennomført prøvetakinga etter plan og kunne registrere at også her var det tydeleg brunt vatn og berre 4 meter sikt. Vi fekk med ein ribbemanet i håven, noko som har vore ei gjentakande hending på fleire tokt i år. Skipper på «Trygve Braarud», Sindre Holm, kunne faktisk rapportere om lag på lag av ribbemanetar under fartøyet delar av toktet.
Med Torbjørnskjær gjennomført dura vi innover i Hvaler-området og plukka med oss Sponvika, Ringdalsfjorden, Midtre Iddefjorden, tilleggsstasjonen ID-1 Skysskaffern, Haslau, Skjebergkilen, Ramsø, og den nye stasjonen I-4 Kallera før dagen var omme. I dette området var det berre Skjebergkilen og Haslau som hadde sikt på meir enn 2 meter. Dei resterande stasjonane hadde 1,7-1,9 meter sikt og tydeleg brunt vatn.
Toktets fjerde og siste dag var relativ lik som dei tre føregåande: vêret var grått, vatnet brunt, fjorden var stille og prøvetakinga gjekk som planlagt. Både på Leira og i Krogstadfjorden var sikten om lag 3 meter. Ved økokyst-stasjonen Missingene kjente vi kreftene i sterk straum på både CTD og håvtrekk. Det var imidlertid intet problem for kyndig mannskap om bord på «Braarud». Rundt lunsjtider la vi til kai i Moss og avslutta med det årets nest siste prøvetaking.