Blåskjel i bur som miljødetektivar
Blåskjel. Den kulinariske muslingen som er så ettertrakta i suppeskåla har sin heimstad i fjøra, der han pumpar store mengder vatn over dei finforgreina gjellene sine. Blåskjela filtrerer vatnet for miljøgifter og planteplankton, tek opp planktonet til næring og lagrar miljøgiftene i vevet: Den effektive filtreringa og lagringa av miljøgifter gjer at blåskjel er svært nyttig innan miljøovervaking - blåskjela er mest som miljødetektivar å rekne. Men for å kunne seie noko sikkert om forureiningsnivået i vassmiljøet treng ein mange blåskjel - og å plukke store mengder blåskjel på plassar der det finst få eller ingen blåskjel, er umogleg. Korleis kan ein løyse dette? No eksperimenterer forskarane med blåskjel i bur: Kan innflyttar-skjel erstatte innfødde blåskjel i miljøovervakinga?
>> Les meir: Blåskjell kan avsløre sykdomsfare
Eit halvt år i bur
Det var dette forskarane frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) ville finne ut av denne maidagen for to år sidan. Hamna i Kristiansand passa perfekt til eksperimentet: Mange år med metallindustri hadde forureina vatnet med nikkel, koppar og kobolt, i tillegg til dei organiske miljøgiftene PAH (polysykliske aromatiske hydrokarbon), PCB (polyklorerte bifenyler) og HCB (heksaklorbenzen). Inst i hamna fanst det for to år sidan få blåskjel naturleg, men det var mange lenger ute i fjorden, ved Svensholmen. Både i hamna og ved Svensholmen sette forskarane ut ein svær rigg, kvar med 1 000 reine blåskjel frå eit oppdrettsanlegg ved Lillesand.
- I fleire omgangar gjennom eit halvt år henta vi blåskjel frå dei to blåskjelbura utanfor Kristiansand og frå den naturlege bestanden ved Svensholmen, forklarar Merete Schøyen, NIVA-forskaren som var ansvarleg for blåskjel-eksperimentet.
Blåskjela tok dei med til laben i Oslo for å samanlikne nivåa av miljøgifter.
35 gangar så mykje nikkel
At vassmiljøet utanfor Kristiansand var forureina, kunne hevast over all tvil då prøveresultata var klare. Etter eit halvt år i bur utanfor Kristiansand hadde nivåa av både metallar, PAH-ar, PCB-ar og HCB-ar auka i blåskjela; i blåskjelburet nærmast hamna hadde nikkel-konsentrasjonen auka med 35-gangen. Men det at nivåa av miljøgifter auka, var eigentleg ikkje så interessant for forskarane:
Dei tykte det var mest spanande å studere korleis nivåa endra seg over tid, og kor lang tid det tok før konsentrasjonane hadde nådd eit stabilt nivå.
Organiske miljøgifter auka saktare enn metall
- Det tok berre éin månad før metalla i oppdretts-blåskjela nådde dei same nivåa som i den naturlege bestanden ved Svensholmen, seier Schøyen, og held fram:
- Men for dei organiske sambindingane tok det lenger tid å byggje opp tilsvarande konsentrasjonar som i dei innfødde blåskjela. Det galdt særleg dei største molekyla av organiske sambindingar. Då vi avslutta eksperimentet i november, var det framleis meir PAH og PCB i den naturlege bestanden ved Svensholmen enn i blåskjela vi hadde i bur.
Dette var eit viktig funn, for det seier noko om kor lang tid buret med blåskjel må vere sett ut i fjorden før miljøgiftnivåa skal samsvare med røynda for ulike grupper av miljøgiftar. For bruk i miljøovervaking lyt metoden med blåskjel i bur helst vere så lite tidkrevjande som mogleg, og eit halvt år – eller kanskje fleire år – er ikkje tilfredsstillande. Men ved hjelp av avanserte, sokalla toksikokinetiske, modellar kan det vere mogleg å rekne ut konsentrasjonane i lokale blåskjel ved å ta prøver av bur-blåskjel, jamvel om dei har vore i fjorden berre ei kort tid.
Frå tamme til ville skjel
Resultata frå blåskjel-stuntet utanfor Kristiansand har bidrege til at NIVA-forskarane no har publisert to artiklar i det vitskapelege tidsskriftet Marine Environmental Research om korleis blåskjela kan nyttast til overvaking av vasskvaliteten i havnar og andre sjøområde. Artiklane synar òg at vi treng meir kunnskap om naturlege, årlege variasjonar i miljøgiftkonsentrasjonar i blåskjel, slik at overføringsverdien mellom forsøk med tamme og ville blåskjel vert betre. I dag er NIVA-forskarane i ferd med å utvikle ein nasjonal standard for overvaking av miljøgifter i blåskjel saman med Miljødirektoratet og Standard Norge.
Arbeidet har blitt finansiert av Noregs Forskingsråd gjennom NIVAs grunnbevilling, og Miljøforvaltninga gjennom Nasjonale Funksjoner-programmet.
Referansar:
Schøyen, M., Allan, I.J., Ruus, A., Håvardstun, J., Hjermann, D.Ø., Beyer, J. (2017) Comparison of caged and native blue mussels (Mytilus edulis spp.) for environmental monitoring of PAH, PCB and trace metals, Marine Environmental Research. http://dx.doi.org/10.1016/j.marenvres.2017.07.025.
Beyer, J., Green, N.W., Brooks, S., Allan, I.J., Ruus, A., Gomes, T., Bråte, I.L.N., Schøyen, M. (2017): Blue mussels (Mytilus edulis spp.) as sentinel organisms in coastal pollution monitoring: A review. Marine Environmental Research. (Sammendrag). http://dx.doi.org/10.1016/j.marenvres.2017.07.024