Til hovedinnhold
English
Nyheter

Hausting, havbruk, berekraft og reiseliv – den blå næringa skal vekse på Sørlandet

Kystkommunane i Agder vil legge til rette for vekst i kystbasert næring. I eit havmiljø som allereie er under sterkt press frå både forureining, overfiske, habitatøydelegging og klimaendringar er dette ei utfordring, men med kunnskap om lokale marine prosessar og økosystem er det likevel mogleg å finne næringsvegar som både er lønsame og berekraftige. Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har i samarbeid med Havforskningsinstituttet (HI) kartlagt næringsmoglegheitene langs Agderkysten i ein ny rapport.
Publisert:

I eit restaureringsprosjekt drive av Naturvernforbundet og finansiert av Miljødirektoratet er NIVA med som fagleg bistand. Her skal dei teste ut om tilførsel av ferskvatn til den oksygenfattige botnen av Skogsfjorden ved Mandal kan bidra til auka vertikal blanding av vassmassane.

- Restaurering av økosystem kan føre til både økonomisk og biologisk vinning, seier Næs, og forklarar:

- Restaurering av øydelagde økosystem kan styrke dei naturlege prosessane i økosystemet, og bidra til at tap av biomangfald reduserast – kanskje reverserast. Samstundes kan bioproduksjonen auke i økosystemet, og det vil vere mogleg å hauste meir.

I Danmark og Sverige har dei med stort hell restaurert aurebekkar, mellom anna ved å fjerne vandringshindre. Langs Agderkysten er det hundrevis av vassdrag der det er suboptimale forhold for auren, og med erfaringane frå våre naboland er potensialet for å auke aurebestanden stort.

>> Les også: Bedre vannmiljø med skalerte og tilpassede restaureringstiltak

Ny oppdrettsteknologi

Det er liten oppdrettsverksemd i Agderfylka samanlikna med Nord-Noreg og Vestlandet, og grunna stor befolkningstettleik og store brukarinteresser er det lite potensiale for å utvide produksjonen i langs kysten. Oppdrett av laks og aure er likevel den største havbruksaktiviteten i Agderfylka i dag, særleg vest for Lindesnes, der dei naturlege forholda ligg meir til rette. Derimot kan landbaserte anlegg og havanlegg med nye artar verte nye næringsvegar. I sokalla akvaponiks, som er lukka system av fisk- og grønsaksproduksjon, vert vatnet og næringsstoffa frå fiskeproduksjonen nytta direkte i planteproduksjonen, slik at det vert lite eller inga avrenning frå systemet. Gode miljøeffektar kan òg resultere frå å dyrke makroalgar og skjell i nærleiken av fiskeoppdrettsanlegg, sokalla multitrofisk akvakultur.

>> Les mer: Å bruke det vi har for mye av til å produsere det vi trenger mer av

Undervass-turisme og aurefiske

Innan reiseliv er det størst potensiale for auka verdiskaping blant sporadisk besøkande turistar, ikkje det faste hyttefolket. Raet nasjonalpark i Aust-Agder vart oppretta desember 2016 og gir moglegheiter for auka verdiskaping basert på rekreasjon og oppleving av vakker natur. Der er det òg snakk om å byggje eit fartøy med vindauge under vatn, slik av turistar òg skal kunne oppleve naturen under vatn. Restaurering av aurebekkar kan dessutan gjere turistfisket av aure til ei stor kommersiell næring, slik det er vorte i Danmark.

Kartlegginga var gjort av NIVA og HI på oppdrag frå Partnerskapet for Blå Vekst på Agder og har finansiell støtte frå Aust- og Vest-Agder fylkeskomuners tilskotsordning ”NY VEKST i Agder”.

Sist oppdatert