To main content
Norsk
Publications

Frå jakt til jordbruk til elgbruk?

Academic chapter/article/Conference paper
Year of publication
2002
External websites
Cristin
Involved from NIVA
Hege Gundersen
Contributors
Torstein Storaas, Hege Gundersen, Harry P. Andreassen

Summary

Våre forfedre jakta i kanskje 4 millionar år før nokre luringar nedi Mesopotamia byrja med jordbruk. Jordbruket spreidde seg mot nord og opp mot fjella. Etter at jordbruket byrja slå gjennom i Noreg for rundt 6000 år sidan, kunne fleire menneske overleva uavhengig av viltbestandane. Folketalet auka og dei jakta ned bestandane av storvilt. Storviltbestandane vart små, og jakt fekk gjennom dei neste tusenåra generelt sett lite å seia for mennesja si overleving. Den industrielle revolusjon en har no slege gjennom i landbruket. Produksjon, foredling og transport av jordbruksprodukt har vorte industrialisert. Maten vert laga der det er mest lønsamt og transportert til brukarane. I store område opp mot nord og mot fjellet ville det ikkje lenger vore bedriftsøkonomisk lønsamt å produsera mat utan statsstønad. Mange forbrukarar ynskjer billigare mat, og fleire politiske parti ynskjer å redusera statsstønad og importvern. Landskapa går frå å vera produksjonslandskap mot å vera rekreasjonslandskap. Fleire regionar som har basert næringslivet på landbruk, er trua av fråflytting og nedlegging. Eit alternativ til tradisjonelt jordbruk er å leggja tilhøve til rette for produksjona av vilt som kan leva fritt i utmarka. Me set fram ideen at å investera i detaljert forvaltning av elg- (Alces alces) ressursen i fleire område vil vera det mest lønsame landbruket. Men før ein kan investera i elgnæring treng ein mer kunnskap om forvaltningstiltak.