Testing av halvbrent dolomittmjøl til innsjøkalking med særleg vekt på aluminiums- og jernkjemi
Summary
Halvbrent dolomittmjøl, samansett av kalsium/magnesium-karbonat og ein -oksiddel, er undersøkt for effektar på vasskjemi og fiskefysiologi ved pH>9. Eksperimenta omfatta eit karforsøk og båtkalking av innsjøen Rauberen i Siljan, og varte i nesten to dø gn. Tilførsel av halvbrent dolomittmjøl ga jamn auke i Ca og Mg i vatn ved aukande dosar inntil 100 mg/l, og samtidig gjekk konsentrasjonen av lågmolekylært DOC ned. Når pH steig over 9 (ved 30 mg/l), kunne anionereaktivt Al stige til over 100 µg/l i karforsøket. Kalkinga påverka Fe i svært liten grad, men det vart målt ein døgnvariasjon, med stigande oppløysing nattetid ved lågare temperaturar og auka CO2-innhald i vatnet. Resultat frå innsjøen stemte godt overeins med både kjemiske og fysiolog iske data frå karforsøket. Ingen fiskedød vart påvist ved innsjøkalkinga, og i karforsøket først ved tilførsler over 100 mg/l kalk. Hematokritt- og glukosenivå auka litt hos fisken, men Alan førte ikkje til klogging på gjellene.