To main content
Norsk
Publications

Redda av trekkelg - elgproduksjon i reviret til Koppang-ulveflokken

Popular scientific article
Year of publication
2001
Journal
Hjorteviltet
External websites
Cristin
Involved from NIVA
Hege Gundersen
Contributors
Torstein Storaas, Harry Peter Andreassen, Jon Martin Arnemo, Hege Gundersen, Knut Nicolaysen, Erling Johan Solberg, Ole Knut Steinset, Petter Wabakken, Barbara Zimmermann, Frode Aalbu

Summary

Spekulativ kortversjon for late lesarar. Elgtrekket kom i november - desember 2000. Gjennom året vil ulvane drepa og eta rundt 120 elgar, mellom dei 80 som budde fast i reviret. I tillegg vart 30 elgar som bur i reviret ihelkøyrde langs veg og jernbane. Jegarane skaut 42 elgar hausten 2000. Om lag 10 vaksne elgar døydde av ulike andre årsaker. Tilsaman er truleg rundt 160 elgar som høyrer til i ulvereviret daude og borte. Dette er 10 fleire enn dei me i fjor rekna skulle verta fødde i 2000. Dersom det verkeleg berre er 115 vaksne kyr i elgbestanden no i vinter, vert det fødd langt ferre enn dei som døyr. Det er dermed grunn til å tru at elgbestanden hausten 2001 har minska noko eller er nokolunde lik bestanden 2000. Konklusjonen vert at elgbestanden i reviret til Koppangflokken vart redda frå sterk tilbakegang av trekkelgen. I 1992 skaut dei knapt 300 elgar i reviret til Koppangsulveflokken. Då skaut dei meir enn produksjonen. I fjor skaut dei berre 42. Det var også truleg langt meir enn overskotet. Dersom forfattarane av denne artikkelen hadde hatt jaktretten i Koppangsreviret ville 7 medforfattarar utsett vidare hausting til etter at Koppangsflokken er fjerna eller sterkt redusert, medan tre tykkjer det er so morosamt og viktig å jakta elg at dei ville skote kvart sitt dyr sjølv om dei ser det som gambling med ein viktig naturressurs.