To main content
Norsk
Publications

E39 over Kjøsapollen i Hornindal - verknad for økologisk tilstand

Report
Year of publication
2019
External websites
Cristin
Arkiv
Contributors
Anders Hobæk, Marit Mjelde

Summary

Kjøsapollen i Hornindal er innsnevra som følgje av utfylling for veg og har dermed redusert utskifting av vatn med Hornindalsvatnet. Økologisk tilstand i Kjøsapollen med omsyn til eutrofiering er vurdert ut frå tilgjengelege data, og det er utført kartlegging av vassvegetasjon. Den reduserte vassutskiftinga fører til noko høgare innhald av næringsstoff og litt høgare algebiomasse enn i Hornindalsvatnet, men tilstandsvurderinga blir ‘God tilstand’ for begge vassførekomstane. Ein annan effekt av innsnevringa er at fargetal og totalt organisk karbon no ligg mykje høgare i Kjøsapollen, særleg om hausten. Saman med redusert erosjon og meir sedimentasjon av organisk materiale i strandsona fører dette til at vasskvaliteten oppfattast som forringa i Kjøsapollen. Ein kan redusere tilførsler av næringsstoff noko med tiltak i elvane, men dette vil ikkje ha monaleg effekt på tilførsler av humusstoffar frå nedbørfeltet. Dette kan berre avbøtast med betre vassutskifting med Hornindalsvatnet. Så lenge tilstanden i Kjøsapollen er ‘God’ eller betre, er det etter dagens retningsliner ikkje aktuelt å kategorisere denne som ein Svært modifisert vassførekomst.